Om meg

Eg heiter Maria og står bak Thingnes Foto.

Eg har alltid hatt ein interesse for foto. Heilt tilbake til ungdomsskulen og vidaregåande, der filmrullar og framkalling i mørkerom var det mest spennande. Med utdanning frå kreative fag som kjole- og draktsyer, og som helsesjukepleiar, har eg eit skarpt auge for motiv, detaljar og mennesker. Eg ynskjar å skape bilete som ikkje bare ser fine ut, men som kjenst ekte ut.

Eg er opptatt av god kommunikasjon og relasjon både før, under og etter fotooppdraget.

I haust har eg jobba som frilans skulefotograf/portrettfotograf for Lima Foto på vestlandet, og er no klar til å ta imot nye bestillingar innan portrett-,familie- og bedrifts fotografering.

Eg heldt til på Manger i Alver kommune, og tek gjerne oppdrag i Hordaland og Sogn og Fjordane- eller der du treng ein fotograf som ser dei små detaljane og dei ekte uttrykka.